top of page

April 21, 2018

Deildegasten på Vasen

​ Dei som har vore så dumme at dei har flutt eller kasta grensesteinar, får det ikkje godt etter at

dei er døde. Då blir dei til spøkeri som må bera på steinen i evig tid, og dei skrik og let ille.

Når dei endeleg har fått steinen nesten på plass, mistar dei den, og må bera på nytt. Den

einaste måten dei kan bli fri på, er at eit menneske hjelper dei å seta grensesteinen på plass att.

For lenge sidan budde det ei mektig kvinne i Langlim. Namnet hennar var Jorunn, og ho eigde

ni gardar. Altså var ho veldig rik! For ni gardar, det var heile Langlim, det!

Men ho syns ikkje at ho hadde nok, og ville snike til seg litt av garden frå naboane sine.

At naboane var veldige fattige, brydde Jorunn seg ikkje om.

Grensa mellom bygdene Langlim og Åmotsdal gjeng på ei hei som heiter Vasen.

Der gjekk delet langs etter heia, slik at Jorunn eigde på den eine sida og Rønjomsbonden på

den andre.

Men Jorunn ville eige heile Vasen, slik at ho kunne sita å sjå ned til Åmotsdal.

Då fekk ho ei fattig husmannskjerring som heitte Brynhild til å kaste vekk grensesteinen som

stod midt oppe på heia. Slik kunne Jorunn sei at ho eigde heile Vasen.

Brynhild kasta grensesteinen i eit tjern, og som lønn fekk ho litt mjøl av Jorunn.

Etterpå gjekk ho heim og koka seg graut, men då blei ho sjuk.

Ho fekk så vondt i magen, og har nok vondt i magen den dag i dag.

For no gjeng Brynhild på Vasen som deildegast, skrik og ber seg, dreg på steinen og klarar

ikkje å få den på plass att.

Uansett kor mykje Brynhild slit og strevar, kjem ho aller til å klare å få seta grensesteinen der

han skal stande.

Kva som hende med Jorunn er det ingen som veit, men ho har nok fått si straff ho og.

April 21, 2018

Angersmøy

Det var ein gong ein gut som gjette geitene til mor si, og hadde kome inn på eigedommen til rysen.

- Hu, du gjeter for langt, sa rysen. – Kjem du lenger, så tek eg deg sa han.

- I morgo skal eg gjete endå lenger, sa guten.

Andre dagen stelde han seg med ein ystilball i slira si, og den dagen gjette han endå lenger.

- Hu, no tek eg deg, sa rysen.

- Ja, det er mogeleg det, sa guten og klemte på ystilballen.

- Kva er det du står og klemmer på? spurde rysen.

- Å, det er bare ein stein, svara guten. – Hu, så er du endå sterkare enn meg, sa rysen. – Kan eg få leige deg til tenestgut? – Det kan du få sa guten, og så blei dei vel forlikte.

Fyrste dagen skulle guten hogge ved, men øksa var så tung at han orka ikkje løfte ho. Rysen var borte på arbeid og guten gjekk  omkring rådlaus. Så kom han til å sjå seg rundt i rysegarden og der såg han ei jente som var teken til fange.

- Kvifor ser du så sørgeleg ut? sa jenta.

-Jau, eg skulle ut og hogge ved, men så orkar eg ikkje å lyfte øksa, svara guten. – Her skal du få låne ein kjepp av meg, sa jenta. – Slå med kjeppen, så høgg den sjølv.

Det gjorde guten, og øksi hogg opp all veden i ein fart. Andre dagen skulle dei ut i skogen, og guten gjekk til jenta for å få hjelp att.

– Når han spør deg om du vil bera øksa ut i skogen eller heim att, skal du sei at du vil bera øksa heim. Så spør han om du vil hogge eller halde, men då skal du svara at du vil halde. Dermed kastar grana deg langt av stad når ho dett, og då skal du sei at risen enten må bera øksa heim eller springe det spranget du sprang, sa ho.

Ja, så rusla dei av stad, guten og rysen, og guten gjorde slik jenta hadde sagt. Når guten skulle halde, klatra han opp i grantoppen når rysen hogg. Han blei kasta langt av stad, og guten kom rasande attende.

 – No kan du bera øksa heim sjølv, eller så kan du springe det spranget eg sprang! Sa guten.

- Nei, skulle eg springe så langt, så blei det ikkje noko att av meg, sa rysen og tok med seg øksa.

Tredje dagen gjekk guten inn til jenta att og fortalde at denne dagen skulle han gifte seg.

– Då blir det sett fram tolv jenter til deg, og dei er så like at du ikkje ser forskjell på dei. Men alle har kvar si snusdåse, og einaste måten du kan skilje meg frå dei andre er at ut av mi snusdåse flyg ei fluge, set seg på deg, og flyg inn att i snusdåsa.

Og slik blei det. Guten valde jenta, men då blei rysen så rasande at han jaga dei. Medan dei for etter vege, byrja det å blåse.

– No kjem dei etter oss, sa jenta og gjorde seg sjølv om til ei geit medan ho gjorde guten om til ein haug. Dei andre jentene kom etter dei, men fann dei ikkje. Tilbake til rysen fortalte dei at der bare var ei geit og ein haug. Rysen vart vond, for han skjønna at jenta og guten hadde lura dei. – Hadde de teke geiti, ville haugen fylgt med, sa han og jaga jentene ut etter dei att.

- Hu, no tek det til å blåse att, sa guten. Jenta skapte seg då om til ei and, og guten til eit tjern.

- Såg de noko no då, sa rysen når jentene kom att. – Nei, me såg bare ei and og eit tjern, sa dei.

- Hu! Kvifor tok de ikkje med anda, så hadde tjernet fylgt med, skreik han.

Guten og jenta kom no inn i eit anna kongerike der rysen ikkje hadde makt over dei. Når dei kom fram til kongsgarden, ville guten inn til kongen og få seg arbeid. – Det kan du sa jenta, men ikkje  gløym meg.

Men guten vart verande i kongsgarden og til slutt vart det slik at han skulle gifte seg med kongsdottera.

Det blei bestemt at jenta frå garden til rysen og skulle inviteras.

Til bryllaupet hadde ho med seg to duer. Den eine gav ho mat, men ikkje den andre.

 

«Å gløymer du meg

Som Svein i Hei

Då han gløymde

Angersmøy», sa duva

 

Då kjende Svein att jenta frå Angre, og så blei det endeleg bryllaup med den rette jenta!

 

Møy= jente

Ryse= troll

Ystilball= ein klump med ostemasse

Nedskrive av Rikard Berge

Please reload

© 2023 by by James Consulting. Proudly created with Wix.com

bottom of page