
Visit Åmotsdal
Telemark

Åmotsdal bygdeutvikling
April 20, 2018
Åmotsdal Bygdeutvikling vil gjera bygda enda betre!
Opp gjennom åra har me gjort mykje forskjellig, dei største prosjekta var å starte Åmotsdal Handverstun som var aktivt i mange år og arbeidet med ny butikk etter at den på Åmot vart lagt ned. Ellers har me mellom anna jobba med utvida 60-sone gjennom bygda, skilting og det årvisse arrangementet Smak av verden.
Det er Åmotsdal bygdeutvikling som har ansvaret for denne nettsida.
Nytt styre 2018 er:
Leiar Reidun Groven
Kasserar: Lene Breiner
Skrivar: Guttorm Dyrland
Styremdlemmer: Irene Aarbakk og Kåre Kleiv
Vara: Roar Gjessing og Torkel Aase
E-post: aamotsdal@hotmail.com
Me ber åmotsdølane og andre interesserte å komme med innspel og forslag til saker me bør jobbe med.

Åmotsdal grendehus
April 20, 2018
Grendehuset er på mange måtar navet i bygda.
Huset vart bygt på dugnad og har vore drifta på dugnad i alle år.
Grendehuset hyser både barnehagen og den gamle skulen.
I skulebygget vert det snart lokalhistorisk arkiv i regi sogelaget i tillegg til idrettslaget sitt trimrom og klubbrom for Rust 4H.
For tinging av huset sjå heimesida.

Eva Bull Holtes museum
April 20, 2018
Laurdag 12. juni 1999 blei kunstmuseet på Sneie i Åmotsdal opna av Fylkesmannen i Telemark. Tidlegare generaldirektør i Hydro, Johan B. Holte, kosta museet. Seljord kommune står for drifta i samarbeid med styret i Minnefondet for malerinnen Eva Bull Holte. I 2003 blei museet utvida med eit eige utstillingsrom for gjesteutstillarar.
Eva Bull Holte blei fødd 15. januar 1922 og døydde 15. februar 1993. Ho er gravlagd i Åmotsdal. På 1950-talet kjøpte ekteparet Holte husmannsplassen Sneie i Åmotsdal. Der samla dei etter kvart fleire, gamle, lafta hus i tillegg til dei som sto der frå før av.
Eva Bull Holte henta mange motiv frå Åmotsdal, men òg frå andre delar av Vest-Telemark. Dei siste åra var det særleg utsyn i Åmotsdal som gjekk att i verka hennar.
Eva Bull Holte hadde utdanning frå Statens Håndverks- og Kunstindustriskole i Oslo (1940-44), Statens Kunstakademi (1946-49) og Ecole des Beaux Arts i Paris (1948-52). Blant lærarane ho hadde kan nemnast Per Krohg og Jean Heiberg.
Blant andre målarar som inspirerte Eva Bull Holte, bør særleg nemnast Cézanne.
M. a. Nasjonalgalleriet, Bergen Billedgalleri, Riksgalleriet, Norges Bank, Utenriksdept., Norsk Kulturråd, The National Museum of Women in the Arts i Washington D. C. og Collection Leon Hess i New York har kjøpt inn verk av Eva Bull Holte.
Telefon: 35 05 00 66 - Billettprisar: Vaksne kr. 50,- / Student/honnør kr. 30,- / Born gratis.

Rust 4H
April 20, 2018
4H Norges målsetting uttrykkas gjennom 4H-løftet:
Me lovar å arbeide mot det mål å bli ein ungdom med klart Hode, varmt Hjerte, flinke Hender og god Helse.
Lokallaget i Åmotsdal heiter Rust 4H. Laget stod mellom anna for bygginga av lavvoen, ein fin samlingsplass året rundt.
Me har fått klubbrom i det gamle skulekjøkenet og me har møter og aktivitetar om lag 1 gong kvar månad.
I 2018 er me 9 medlemmer som finn på mykje morosamt saman.
Klubbrådgjevar er Lene Teigland Kleivi
Rust 4H kan kontaktas via epost: rust4h@hotmail.com.

Åmotsdal sogelag
February 23, 2023
Sogelaget er eit aktivt lag i Åmotsdal som kvart år gjev ut årsskriftet "Øvre Annex", eit hefte med mykje historie frå bygdi.
Me oppmodar fleire til å skrive ned glimt av historia vår.
Styret kan hjelpe med å skrive, rette m.m. Det viktigaste er at det kjem ned på papir!
Sogelaget er og veldig interessera i gamle foto frå bygdi.
Våren 2018 vert det bygt arkiv i det gamle skulebygget i Åmotsdal der me kan oppbevare gjenstandar og papir som er verdt å ta vare på.
Me ynskjer alle velkomne til å vera med på aktivitetane våre.
Styret 2018 er
Leiar: Sigrun D. Eidal
Kasserar: Knut Dyrland
Styremedlem: Gunnar Kleivi, Håvard Dyrland og Svein Helge Groven
Vara: Olav Skuldalen og Kjetil Haugan

Pinsemenigheten Betel
April 20, 2018
Pinsemenigheten Betel Åmotsdal blei skipa i 1931, men det har vore drive aktivt frikyrkjeleg verksemd i bygda heilt frå tidleg på 1900-talet. Bedehuset blei bygd i 1920 på den plassen der det står no, berre nærare vegen. Det blei fullrestaurera og påbygd i 1991 og er no eit tenleg menighetshus med hybelleilighet, kjøkken, peisestoge m.m. Då menigheten blei skipa i 1931 blei det innskrive 20 medlemer. Talet var på det høgaste i 50-åra med rundt 60 medlemer. Grunnleggar og forstandar fram til 1954 var bygdekunstnaren Knut Grasbekk d.e. Seinare overtok Knut Grasbekk d.y. Deretter var Olav Martinsen forstandar ein stutt periode, han var felles forstandar for alle pinsemenighetane i kommunen. Frå 1970 har Karl Valhovd vore leiar. Menigheten driv i tillegg til vanleg møteverksemd bl.a. sundagsskule, ungdomsklubb og støttar misjonsarbeid i fleire land.

Åmotsdal ungdomslag
April 20, 2018
Åmotsdal Ungdomslag
Gunnhild Dyrland, leiar
Marita Byggstøyl , nestleiar.
Bente Groven, kasserar.
Gro Marita , skrivar.
Antonia Fjæren, styremedlem.

Åmotsdal næringsbygg
April 20, 2018
Åmotsdal næringsbygg eig bygget der Nærbutikken Åmotsdal og gatekjøkenet held til.
Styret 2018:
Leiar og skrivar:Roar Gjessing
Kasserar: Eivind svinjom
Styremedlemmer: Kåre Kleiv Reidun Groven og Irene Aarbakk